eInnsyn i 2017 - informasjonsnotat til systemleverandørane

Målet med notatet er å informera sak- og arkivsystemlevarandørane om status og milepelar i arbeidet med eInnsyn. Samstundes som ein drøftar behov for samarbeid og inviterar til dialog om praktisk utprøving i 2017.

Last ned

Kommunikasjonen mellom offentlege verksemder skal i størst mogeleg grad føregå digitalt. Det same skal kommunikasjon mellom offentlege verksemder og innbyggarar, næringsliv og private verksemder.

Difi har ansvar for å utvikla nye OEP eller eInnsyn. Difi har og ansvar for prosjektet meldingsutveksling i offentleg sektor som utviklar infrastruktur som skal transportera meldingar på ein trygg og sikker måte mellom offentlege verksemder. Løysinga er basert på kommunikasjon mellom sokalla interasjonspunkt som vert installert både hjå avsendar og hjå mottakar.

eInnsyn planlegg å leggja denne infrastrukturen til grunn når meldingar skal sendast mellom innhaldsleverandørar og den nye tenesta eInnsyn. Dette gjeld både informasjon som skal publiserast på eInnsyn og innsynskrav attende til innhaldsleverandøren.

Sak- og arkivsystemleverandørane er ein viktig samarbeidspart i arbeidet med å fornye, forbetre og forenkle offentleg forvaltning. Ei ny innsynsløysing betyr meir openheit, betre tilgjengeleghet og styrka offentlegheit. Det blir enklare for brukarane å søke om innsyn, og det offentlege frigjer ressursar til andre oppgaver.

 

 

 

Sist endret: 
18. aug 2017