Utrulling statlege verksemder

eInnsyn skal erstatta dagens OEP ved årsskiftet 2017 – 2018. Det betyr at i løpet av 2017 må dei 121 statlege verksemdene, som leverar offentleg journal til OEP i dag, førebu seg på overgangen til eInnsyn.

Innføring av eInnsyn vil truleg ikkje føre til store endringar i rutinar og saksbehandling i fyrste omgang. Dette vil vere avhengig av kva alternativ ein vel å levera data på ved oppstarten. Meir om dette i artikkelen «Informasjonsnotat februar 2017».  

Uavhengig av dette må integrasjonspunkt og dataoverføringsstruktur vere utrulla og kvalitetssikra til alle dei 121 statlege verksemdene i god til før årsskiftet. Denne utrullinga vil foregå i fleire fasar, fyrst i testløysing i fyrste halvår 2017 før ein i andre halvår 2017 vil rulle ut eInnsyn puljevis til alle dei 121 innhaldsleverandørane. Utrullinga er planlagt slik:

  • Mars: Utrulling fyrste prøvepulje, 6-10 innhaldsleverandørar i testmiljø
  • April – august: Utrulling i grupper til resterande innhaldsleverandørar i testmiljø
  • September – november: Utrulling i grupper til 121 innhaldsleverandørar i produksjonsmiljø
  • Årsskiftet 2017/2018: eInnsyn i full produksjon. All levering av offentleg journal til eInnsyn
Publisert: 13. des 2016, Sist endret: 09. Feb 2017

Artikkelliste