Status lansering av eInnsyn

Målet om å lansere eInnsyn ved årsskiftet 2017/2018 er innan rekkevidde. Lanseringsdato er no fastsett til 5. februar.

Publisert: 03. Jan 2018, Sist endret: 29. okt 2018

Alle 121 statlege verksemdene som skal installere den nye innsynsløysinga før eInnsyn blir sett i produksjon er i gang med arbeidet. eInnsyn vil erstatte dagens «Offentlig Elektronisk Postjournal» (OEP) frå same dato. OEP vil vere i drift fram til eInnsyn tek over.

Utrulling av eInnsyn i produksjon har pågått sidan haust 2017. Status 3. januar er at 89 verksemder er klare til setje i gong, medan 32 ikkje er heilt i mål – og dette talet minkar for kvar dag. Difi er i løpande dialog med dei som treng hjelp for å komme heilt i mål.

En viktig overgangsfase

Påkopling til ny løysning er ein interessant og viktig periode. Det er ein fase i utviklingsprosjektet der dei siste justeringane skal identifiserast og løysast. Oppstartdatoen er sett for at dei siste verksemdene skal få naudsynt tid og ro til å ta i bruk den nye løysinga på ein god måte. Du kan følgje utviklinga på https://samarbeid.difi.no/einnsyn.

Utvikling og produksjonssetting i følgje mål og budsjett

Prosjektorganisasjonen skal følge eInnsyn vidare i neste fase med drift og forvaltning, så ei lengre utrullingsperiode vil ikkje medføre nye eller ekstra kostnader.