Bakgrunn for eInnsyn

Kommunal - og moderniseringsdepartmentet har ansvar for tenesta Offentlig Elektronisk Postjournal (www.oep.no). I 2014 vart det gjennomført eit grundig forprosjekt som la eit godt grunnlag for arbeidet med ny OEP. Utviklingsprosjektet har fått namnet eInnsyn og Difi, Leikanger har ansvar for utviklinga. Løysinga skal stå klar til bruk i januar 2018.

Om eInnsyn

OEP har røter tilbake til 1993 då EPJ (Elektronisk postjournal) vart oppretta. Dette var ei teneste retta mot media og presse og tilgang vart gjeve gjennom innlogging. I perioden 1993 til 2010 vart det publisert ca 8.6 millionar journalpostar på EPJ.

I mai 2010 vart dagens OEP lansert som ei open teneste og pr 2016 er det 120 statlege verksemder som leverer data til OEP. Dagleg blir det publisert over 10.000 nye journalpostar. Basen inneheld i dag litt over 15 millionar journalpostar og årleg blir det sendt ca 200.000 krav om innsyn i dokument og saker til dei 120  verksemdene som leverer data.

Data blir i dagens løysing henta ut frå verksemdene sine sak/arkivsystem, og datasettet er basert på data i offentleg journal slik det er definert i Noark4. Verksemdene loggar seg inn på løysinga i www.oep.no og lastar opp og validerer data som så blir gjort tilgjengeleg for søk. Difi har ansvar for vedlikehald og drift av dagens løysing.

Ny løysing for OEP skal stå klar til bruk i januar 2018.   

Eit viktig mål med ny OEP er å få på plass ei mer effektiv løysing som kan ta bort manuelle prosessar som i dag tek tid. Tidstjuvar skal identifiserast og fjernast. Dei større gevinstane vil truleg kunne hentast ut på tre område:

  1. Automatisk hausting av data frå dei 120 verksemdene sine Noark-baserte produksjonssystem
  2. Leggja til rette for at dokument som er offentlege, kan publiserast saman med offentleg journal og bli tilgjengelege frå søkeindeksen
  3. Gjera det enklare og sikrare å handsama innsynskrav som gjeld dokument som er skjerma eller unnateke offentligheit.

Overordna så skal eInnsyn/ny OEP ha fokus på 3 område:

  • Ny teknisk infrastruktur for automatisering av prosessar
  • Forenklingar og forbedringar for dataeigar/forvaltninga
  • Forbedringar for brukarane - innbyggjarane og presse/media

Ny teknisk infrastruktur

  • Ny teknisk infrastruktur skal fjerne identifiserte tidstjuvar knytt til dagens OEP
  • Prosjektet skal etablera ny IT-arkitektur for OEP  tilpassa det som skjer i arbeidet med digitalisering av offentleg sektor
  • Ny infrastruktur og ny teknisk løysing vil ha sterkt fokus på brukartilpassing, sikkerheit, personvern, kapasitet, fleksibilitet og skalering.      

Forenklingar og forbetringar for dataeiger/forvaltningen

  • Overføring av data frå  verksemdene sine produksjonssystemet (ca 120 statlege verksemder) til ny OEP skal automatiserast uten at ein går ned på krava til kvalitet og informasjonssikkerheit. Dagens manuelle rutinar skal bort.
  • Det blir lagt til rette for automatisert kvalitetskontroll av data og automatisk kvalitetsheving av data. Dette vil leggja grunnlaget for bedre tenester til brukarane.
  • Det vert lagt til rette for automatisk publisering av dokument som er offentlege, ikkje berre journalposter.  Brukarane kan finna fram utan å involvera verksemdene. Erfaringar frå ein fylkeskommune viser at då  dei starta å publisera dokument saman med offentleg postjournal så gikk tal innsynskrav som måtte handsamast, ned med ca 85 %.
  • Det vil bli lagt opp til bedre og meir effektive funksjonar for å ta hand om innsyn i det materialet som fremdeles ikkje kan publiserast saman med journalen.  

Forbedringer for brukere - innbyggere og presse/media

  • eInnsyn blir tilpassa mobile plattformer som nettbrett, Ipad, mobiltelefonar mm
  • Brukarane kan skreddersy sitt eigen eInnsyn - Mitt eInnsyn.
  • Dei kan abonnera på/bli varsla om ny informasjon om utvalde saker, visse typar saker, visse geografisk område mm
  • Det vert mogeleg å dela informasjon frå eInnsyn til sosiale mediar og til ulike fora på nettet
  • Det kjem nye og bedre søkefunksjonar basert på ny søketeknologi og betre datakvalitet
  • Betre statistikk om data og bruken av data
  • Etter kvart vil det koma rikare data enn berre datasett som er definert som offentleg postjournal. Data kan koplast mot andre data om same sak, same sakstype, same geografiske område med meir
  • eInnsyn vil og kunna ta imot data frå kommunar og fylkeskommunar om dei ynskjer det
  • eInnsyn vil vera godt samordna med Riksarkivet si satsing på eArkiv. Slik samordning vil kunna gje synergiar og leggja grunnlag for nye og bedre tenester.

Framdrift

Difi gjennomførde eit omfattande forprosjekt i 2014 som og inneheldt ein samfunnsøkonomisk analyse. Hausten 2015 vart sentrale brukargrupper og interessentar kontakta og det vart skipa til ein konferanse for alle dataeigarane i november 2015. Samla budsjettbehov vart vurdert til 23 millionar kroner (brutto) fordelt på 2016 og 2017. I statsbudsjettet for 2016 vart det sett av 13 millionar kroner for å starta opp arbeidet.

Vidare framdrift er grovt sett planlagt slik:

Fase 1. Kravsetja grunnleggjande behov og funksjonalitet, kv1 - kv2 2016. Arbeidet med utforming av  brukarreiser vil på grunn av metodikken som er vald, gå parallelt med utviklingsarbeidet fram til kv2 2017.  

Fase 2. Utviklingsfasen, kv2 2016 - kv2 2017

Fase 3. Testing av løysing og konvertering av data i dagens løysing, kv3 2017

Fase 4.  Brukaropplæring og dokumentasjon, kv 4 2017

Fase 5. Produksjonssetjing av ny løsning, desember 2017.

Beta eInnsyn

Arbeidet med å etablera Beta eInnsyn er i full gang og den skal vera på plass ca 1. april 2016. Beta eInnsyn vil etablera hovudarkitekturen for eInnsyn. Den skal  gi grunnlag for innlegging av omfattende testdata og for utvikling av tenester og funksjonar i tett dialog med brukarar og interessenter.  Sjå arbeidspakke 2, utviking for meir informasjon om Beta eInnsyn.

Sist endret: 
10. nov 2016

Deldette